Utrikesdepartementet

Arvefyrstens palass, som sidan 1906 har vore hovudsete for Utrikesdepartementet.
Foto: Holger Ellgaard

Utrikesdepartementet (UD) er eit ministerium under Sveriges regjering som har ansvaret for i samband med andre land, mellom desse tryggleikspolitikl, internasjonalt utviklingsarbeid, handelspolitikk, internasjonal rettshjelp og konsulære spørsmål, folkerett, menneskerettar, migrasjon og asylpolitikk. Ministeriet har tre ministrar - utanriksministeren, migrasjonsministeren og bistandsministeren.

Ministeriet har omkring 2 400 tilsette, med 900 i Sverige. Resten arbeider på dei 105 ambassadar, representasjonane, delegasjonane og konsulata Sverige har i utlandet. Svensk representasjon i utlandet var lenge konsentrert i Europa. I byrjinga av 1800-talet vart det skipa ein ambassade i Washington, D.C. i USA, og i 1907 kom ambassaden i Tokyo i Japan til.

Historia til Utrikesdepartementets går tilbake til 1791, då Gustav III etablerte Konungens kabinett för den utrikes brevväxlingen. I 1840 fekk organisasjonen formelt namnet Utrikesdepartementet.


Developed by StudentB